I dag sykla eg i ein fei til postkontoret. Det sprutregna, og sykkelen eg sykla på hadde ikkje bakskjerm, so etter tre meter var eg full av søle og sprut oppover heile ryggen. Men mest på ræva. Det var ikkje flaut inne på postkontoret heller, for eg måtte forta meg og rekka postgangen. Hvis eg ikkje hadde gjort det er det ikkje sikkert eg hadde hatt ein einaste plan til hausten nemleg, for omslagsarket til opptaket skulle eigentleg vore sendt i går. Men eg ringte i dag, og det skulle gå bra å senda i dag sa ho. Og det bør det, for hvis ikkje veit aldeles ikkje kva det skal bli med meg.
Dagen var litt dårleg sånn sett, men litt festivalplanlegging* for sommaren rundt heimelaga asparges- og fennikelsuppa og VELDIG GODT NYTT på sms gjorde susen. Og om lag på same tida letta skylaget, so eg kunne lesa Kraftsentrum i kveldsolsstrålar.
No lagar kjærasten rundstykker og eg lurer på om eg skal gjera noko hjelpsamt (som oppvask) eller noko deilig (som å lesa Stieg Larsson i gyngestolen som er komen opp frå kjellaren.)
*Gamal side, forelda informasjon.:: 21:08
18.5.08
::
Attende mai i både kropp og sjel. Me har sett den fyrste Gudfaren, og held no på med den andre. Eg har ikkje sett dei før, og eg tykkjer den er like bra som eg trudde, som alle seier. Aldeles fantastisk med taco og gode vener til. No vil eg ikkje blogga meir, no skal eg sjå korleis det går og om Don Corleone får tatt rotta på Roth til slutt.:: 22:46
11.5.08
::
På veg heim frå nattbussen høyrer eg på Absolute Music 9 på walkmannen min. Der er "I would do anything for love (but I wont do that" med Meat Loaf.
Og eg minnes at eg i 1993 tykte at Meat Loaf var stygg, tjukk og rar men at det var ein flott, mektig og kjempefin song som rørte meg. Men i all verda! Kva kan eg ha fått med meg av teksten?:: 03:54
7.5.08
::
Før tøffa eg meg alltid med at eg turde å plukke brennenesler utan å stikke meg. Men eg hadde berre lært meg det enkle trikset med at det kun er streif-røyrsler som avgir gift, og dimed svir, og at eit fast grep om stilken ikkje ville svi eller lage blemmer. Eg lurer på om nokon av mine vener og kameratar frå barndomen hugsar kor tøff eg var til å plukke brennenesle utan hanskar eller frykt.
I dag brukte eg hanskar, men det var fordi eg måtte plukke 150 gram nesler. Det er nesten 10 liter! Luftig mellom, men likevel. Det vart hanskar. So koka eg suppa, og det var godt. No leikar me med tanken på å plukka posar på posar med nesler og frysa ned, slik at me kan servera brenneneslesuppa under den litterære hendinga på årets fjøsfestival. Det hadde gjort seg.
Dersom du og venene dine brått skulle byrja å lura på kva dei 12 læresveinane eigentleg heitte, og so kjem du berre på 8 som ganske sikkert var med, so finn du dei resterande 4 på wikipedia sjølvsagt. Og hvis du finn fram bibelen for å kose deg litt med den, slik Gis gjer no, så finn du kanskje der det står i Matteus: "Den som ikke er mot oss, er med oss". Og so kan de vurdera om de likar Bush eller Jesus sin versjon best. Eg held ein knapp på Jesus.:: 21:20
6.5.08
::
"Did you see that?" "See it? I did it."
John McClane er så utruleg tøff! Kjærasten og eg er i ferd med å avslutta serien no, etter at me fekk kloa i ein boks med alle filmane i. Den tredje er den beste, so kjem den fyrste, den siste og den dårlegaste er toen, den med flya som sirklar. Opningsscena i toen er fabelaktig, og den obligatoriske sjakt-scena er alltid tøff. Men ikkje så nervepirrande - det er jo ikkje som om me lurer på kven som kjem til å gå mørbanka og blodig, men levande, vekk derifrå til slutt. I love John McClane!
Og so vil me gjerne få gratulera Lurvelegg og kjerringa som hn er så glad i med bryllupsdagen i går, den fjerde mai. Tillukka!:: 00:37
1.5.08
::
"Med hjartet i handa" skulle ein kanskje tenke "det må handla om å skriva om heile vegen fram til si inste grind utan å la ein einaste privat detalj vera skjult."
Og det kan ein jo ikkje akkurat sei om denne bloggen. MEN! Eg tenkjer faktisk mest på våren, været og kva eg lagar til middag for tida. I dag til dømes, har eg bakt ciabatta, planta om småplantene som er komne av frøa eg sådde for ei stund sidan i størrwe potter og laga middag. Fisk til middag! Og, med hjartet i handa: eg blir utruleg tilfreds av å baka og laga middag og sysla med plantene når sola sin og eg er så glad.
Eg er spent på hausten, for uansett kva det vert so skal eg gjera noko anna. Eg skal ikkje jobba i slik ein "levere"-jobb der eg kjem, gjer det eg skal og går att. Eg skal bruka hovudet til hausten, eg skal pressa tankane og utfordra meg sjølv på måtar eg ikkje har gjort sidan eg var leiar på Samfundet. Og det var i 2006! Tenk om hjernen har stivna og eg ikkje er så klok og flink som eg var før! Er det rart eg blir heilt skjelven og vender tilbake til kokebøkene?:: 20:30
20.4.08
::
Eg er interessert i baggubag. Eg vil ha ein slik.:: 23:54
::
Lyset inn stovevindauga ein sundagsettermiddag passar godt i lag med Ane Brun si nye plate og ein kopp der fruktteen sprer seg som raude strimer i det varme vatnet.
Eg skal prøva bunaden og vonar den passar. Om den gjer det skal eg pakka den ned i ein koffert i lag med nokre andre klede og Genanse og Verdighet og køyreteoriboka. So skal eg til byen og pakke bunaden og kameraet til kjærast i den same koffferten. Etter det skal eg legga meg, og når eg vaknar er det den dagen eg skal heim til Fusa. Det er den første sidan jul som er ein slik dag, og eg kjenner at det er godt.:: 18:56
15.4.08
::
Ein deilig vårmorgon med Billie, Henning, Silje og Eirik. H og eg øver oss på teoriprøven, dvs: eg øver meg. Snart skal eg ta den. Kanskje fredag, faktisk.
Pappa sendte meg ein mail med link til heirre bainnet: Fusa finest. Les der, og høyr den fine Johnny Cash; lettare men like fin-musikken.
MEN: ingen passar betre til våren enn Billie!:: 10:50
14.4.08
::
No er søknaden sendt, og eg er so spent som ei som ikkje har søkt om noko som ho vil so sterkt og som det er so usikkert om ho får gjere på mange (3) år. Og so er det so lenge å vente! Og i denne augeblinken vart eg litt redd for at dei googlar søkarar. Men so kom eg på at det stort sett er flatterande leiar-for-Samfundet-artiklar om meg på nett. Men eg må testgoogle likevel.
Om den førre tevlinga som ikkje var tevling likevel: Aggi har lyst på premie, og eg har følgande forslag: Om du vil ha ei tomatplante skal du få det når dei har blitt litt større.:: 20:47
31.3.08
::
Dagens prosjekt, og eit par spørsmål i samband med det: 1. Male opp ein tørr skalk og ha som krumlar. - Er det mest hensiktsmessig å fryse for å bevare dei ferske, eller tørke dei og ha dei tørre? Kjem eg til å laga mest kjøttbollar eller mest fiskegrateng?
2. Lage kjøttbollar av 1 kg kjøttdeig og fryse ned. - Skal dei frysast gjennomstekte eller nesten gjennomstekte?
3. Så nokre frø og plante litt ingefær og kvitlauk som har spirt. - Frøa er greie, dei kjem med instruksjon. Men kan eg ha kvitlauk inne? Vil det bli lauk av den då, eller berre litt grønt gras? Er kvitlauksgraset brukande til noko?
4. Rydda ferdig rommet. Her er det einaste spørsmålet: Kvifor er det so vanskeleg å få gjort ferdig?:: 11:37
27.3.08
::
Det er lyst, det er sol, det er vår. Ikkje nett no, for no er det natt og eg er på nattevakt, men om dagen. Frå tidleg av og lenge. Og me snakkar seriøse endorfiner! I dag baka eg brød, og for fyrste gong vart det nesten perfekt. Mjukt og saftig, ikkje tungt og tørt slik det har blitt før (sjølv om det har vore godt då og). Trikset var visst gulrot, mindre rugmjøl og ikkje minst: gløyme deigen i løpet av begge hevingane. So det vart to timar forheving og ein time etterheving, noko eg ikkje har hatt tolmod til før. Eg er nøgd og glad. I går laga eg middag til 14 personar, heldigvis ikkje aleine, og i lys av det og brødsuksessen frå i dag kan eg glad konstantera: Eg er i ferd med å bli eit riktig so godt gifte.:: 23:58
25.3.08
::
Med (u)jamne mellomrom finn eg den gode gamle walkmannen frå 1992, og eg blir like glad kvar gong eg oppdagar at han verkar. Eg skal høyra på the Clash i morgon på veg til jobb.:: 23:08
16.3.08
::
"Hva leser du?" spurde han med ein so vidt tydeleg aksent. Den ordentlege jakka og dressen eg skimta under var teikn tydeleg nok til at eg ikkje trengte å sjå skiltet på brystet hans for å skjøne teikninga. "Berre nåkke tull" svarar eg, men han er verkeleg interessert i å starte ein samtale med meg, og det er for so vidt eit par ting eg er interessert i å spørja ein mormonar om sjølv. So eg spurde og han fortalde: Når unge menn vert 19 kan dei velje om dei vil ut i verda å misjonere. Då søkjer ein, og so får ein tildelt eit land. Denne unge guten hadde knapt høyrd om Noreg før då det var hit han skulle, og han kom for 2 år sidan, saman med ein annan 19-åring som han aldri har møtt før. Her reiser dei rundt frå by til by, bur på hyblar, snakkar med folk og misjonerer før dei reiser attende.
Han trudde han hadde klart å opne hjarta til nokon i løpet av tida her, i alle fall nok til at den heilage ande kunne sleppa inn, men han godtok at eg ikkje var interessert i å høyra meir. Eg sa ingenting om kva eg trur på eller kva eg meiner om den der boka hans, og var heldigvis framme der eg skulle av nett då samtalen kunne dreid seg i den retninga.
Og kva var det eg las, då ein slik ung misjonær spør meg? Eg las om lyst og so syndig begjær at det neppe er mykje av det i mormonarlesnad: eg las ei bok eg so nyfikent og skrekkblanda fryd-skeptisk hadde kjøpt på Mega tidlegare i dag. "Sjørøverprinsen". (Synd at ikkje den engelske utgåva har jente med på omslaget. Jentene på desse bøkene er alltid so dåneferdig henførte!)
So på same ettermiddag fekk eg to små blink inn i noko so utruleg anneleis enn alt eg er vane med. Mormonarar og Husmorsporrno*. Og alle var einige om at det var ein interessant ettermiddag.
**feilstaving med vilje, med von om å unngå googling.:: 23:12